Vg1 på samanristningstur
VG1-klassen har denne veka vore på samanristningstur
Turen gjekk til Fjellsetra ungdomssenter i Sykkylven der vi var eit døger.
På programmet stod mellom anna leiken «Snik» - der det gjaldt å lure seg fram i myrkret utan å bli oppdaga av læraren si lommelykt. På dagtid haldt ein på med samarbeidsquizleiken «50». Det lokka fram smilet då det frå ulike stader på tunet blei ropa både «Bæ!» og «Raur!». Det skjedde til dømes når sauegruppa og dinosaurgruppa skulle samlast for å drøfte seg fram til svar på quizspørsmål.
RELASJONSAKTIVITETAR
Det vart også lagt til rette for å skrive godord til kvarandre. Elevane gjekk rundt med ein papptallerken på ryggen, og så skulle dei skrive gode ord på kvarandre sine papptallerkenar.
Ein annan aktivitet var å dele inn elevgruppa i ulike par. Saman skulle dei samtale om spørsmål henta frå samtaleopplegget til «Fuelbox». Døme på spørsmål var: «Kva er det beste rådet du nokon gong har fått?» og «Korleis kan du gjere andre gode?»
I tillegg var det undervisning om det fine med å ha fokus på sine medmenneske - noko som kan vere oppbyggjeleg både for ein sjølv, ein annan person og for ei heil gruppe. Det vart også gitt tips korleis ein kan gjere det i praksis. Til dømes gjennom å helse på andre med namn, gjennom å gje ros med grunngjeving og gjennom å lytte til andre med oppriktig interesse.
GODT FELLESSKAP
Tilbakemeldingar frå elevar tyder på at trivselen var stor på tur. Dei framhevar også det gode miljøet. Hanna Kvalsund er ein av dei 29 elevane i klassen.
- Dette har vore ein veldig bra tur. Eg vil gjerne trekke fram fellesskapet innan i klassen. Alle inkluderer alle. Når ein til dømes sit åleine, så er det alltid nokon som kjem bort til ein. Eg har også likt aktivitetane, og også under desse aktivitetane har det vore godt å kjenne på fellesskapet, seier Hanna.