Valresultat ved Vestborg

I dag vart skulevalet halde her på tunet.
Sosialkunnskapselevane var valfunksjonærar og rettleia elevane gjennom røysteprosessen. I Møre og Romsdal er det 18 parti som stiller til val, og elevane våre hadde difor 18 parti-alternativ å velje mellom.
VG1-elev Grete Rotlid Seljehaug var ei av dei som røysta.
- Det er veldig fint at vi får ha skuleval. Tilbodet gjer at folk i min aldersgruppe byrjar å tenke politisk, samt får opplæring i korleis eit val blir gjennomført. Det er viktig at folk brukar røysta si, seier ho.
Her er resultatet av skulevalet på Vestborg:
Framstegspartiet 22,2 %
Kristeleg Folkeparti 18,1 %
Senterpartiet 11,1 %
Høgre 8,3 %
Miljøpartiet Dei Grøne 8,3 %
Arbeiderpartiet 8,3 %
Sosialistisk Venstreparti 5,6 %
Partiet Dei Kristne 5,6 %
Raudt 4,2 %
Pensjonistpartiet 2,8 %
Venstre 2,8 %
Nei Til Meir Bompengar 1,4 %
Alliansen 1,4 %