NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Dersom du velger å gå studiespesialisering på vidaregåande får du generell studiekompetanse.
Dette gir deg det beste grunnlaget for vidare studier seinare.
På Vestborg kan du velge mellom fordjupning i realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.
På Vg1 er det berre fellesfag. Språkfag er det einaste du må velge før du startar ved skulen.
Når du startar ved skulen velger du om du vil ha praktisk eller teoretisk matte (1T eller 1P).
På Vg2 og Vg3 er ca halvparten fellesfag og halvparten programfag.
Fordi vi er ein kristen friskule har vi eit fellesfag som heiter "Kristendomskunnskap" med totalt 5 timar fordelt på Vg1 og Vg2. Dette gjer at dei fleste elevane kan velge eit programfag mindre på Vg3.
OBS: Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen må ha 5t fordjupning i framandspråk på Vg3.
Skulen tilbyr nødvendige læremiddel gratis til alle elevane gjennom ei utlånsordning. Det er nødvendig at elevane har tilgong til pc.
For dei elevane som ikkje har eigen bærbar pc til skulebruk, tilbyr skulen ei utleigeordning.
Utgift til evt. pc-leige, eigne arbeidsbøker og anna personleg skulemateriell inngår ikkje i gratisordninga.
Læremiddelstipend som du etter søknad får gjennom Lånekassa, vil normalt dekke det meste av slike kostnadar.
TIMAR | FAG |
---|---|
5 | Matematikk |
5 | Engelsk |
5 | Naturfag |
3 | Samfunnsfag |
2 | Geografi |
4 | Norsk |
4 | Framandspråk - Nivå I eller II |
2 | Kristendomskunnskap |
2 | Kroppsøving |
32 | Sum VG1 |
TIMAR | FAG |
---|---|
4 | Framandspråk - nivå I eller II |
2 | Historie |
2 | Kroppsøving |
3 | Matematikk - praktisk eller teoretisk |
4 | Norsk |
3 | Kristendomskunnskap (dette faget blir i praksis godkjent som eit 5 timar fellesfag - inkl. timar frå Vg1) |
18 | Sum VG2 fellesfag |
Du må velje 3 fag – på tilsaman 15 timar på Vg2 (normalt 5 timars fag)
To fag må velgast for to år (frå same område), det tredje faget kan «velgast fritt» Under ser du kva fag Vestborg tilbyr
Matematikk (slepp 3 timars matematikk fellesfag)
Fysikk
Kjemi
Politikk, individ og samfunn
Engelsk
Breiddeidrett
Sum timar totalt på Vg2 blir 33 timar (30 timar med programfag matematikk)
TIMAR | FAG |
---|---|
4 | Historie |
2 | Kroppsøving |
6 | Norsk |
3 | Religion og etikk |
15 | Sum VG3 fellesfag |
- Du må velje 3 fag – på tilsaman 15 timar på Vg2 (normalt 5 timars fag)
- To fag må velgast for to år (frå same område), det tredje faget kan «velgast fritt»
Under ser du kva fag Vestborg tilbyr
- Matematikk (slepp 3 timars matematikk fellesfag)
- Fysikk
- Kjemi
- Politikk, individ og samfunn
- Engelsk
- Breiddeidrett (kan ikkje veljast av påbygg)
- Friluftsliv (kan ikkje veljast av påbygg)
Sum timar totalt på Vg3 blir 30 timar (den som ikkje har programfag matematikk på Vg2 kan klare seg med 25 timar (to programfag) på Vg3 – alle må totalt etter 3 år ha minst 90 timar)
Studiespesialisering på Vestborg vgs er heilt lik alle andre skular, om ikkje betre. Vestborg har gode lærarar, og fordelen med internatskule er at vi kan studere saman med medelevar på fritida.
I tillegg fekk eg god hjelp av ein kjempeflink lærar på leksehjelp etter skuletida.
Det å bu på internatskule har gitt meg gode verdiar og sosiale eigenskapar, fantastiske minner, sprell og moro! Ikkje minst har eg fått vennar for livet!
Katrine, studiespesialisering