NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Vi har ledig stilling som lærar frå 1. august 2025.
Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat, som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.
Vestborg VGS tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, idrettsfag og påbygging. Skulen har om lag 90 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet.
Meir info om skulen på www.vestborg.no
Aktuelle fag: matematikk, naturfag, geografi og idrettsfag
Vi søkjer etter godt kvalifiserte lærarar som kan samarbeide i eit tett og godt kollegium, og som kan trivast i eit spennande internatmiljø. Internatet gjev mange sosialpedagogiske og pedagogiske fordelar som ein kan dra nytte av inn imot undervisninga.
Vi tilbyr lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Gode pensjonsordningar.
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Kvinner blir oppfordra til å søke på stillinga.
Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med verdigrunnlaget vårt og som vil jobbe for den kristne målsetjinga til skulen.
For spørsmål eller informasjon kontakt rektor Jon Ove Holen,
rektor@vestborg.no,
tlf. 92 06 52 12.
Søknad, CV og referansar kan sendast til: rektor@vestborg.no
Søknadsfrist: 31. mars 2025
Oppstart: 01.08.2025