Skuledebatt og valtorg

Kjell Morten Håland • September 3, 2021

Fredag 3.sept var elevar frå Vestborg vgs og Stranda vgs samla i gymsalen på Vestborg til skuledebatt!

Det var ein engasjert gjeng med unge politikarar frå dei ulike partia som var samla til debatt på scena i gymsalen i dag. Elevane hadde sjølv ynskje om at skulepolitikk, klimapolitikk og distriktspolitikk skulle vere hovudtema for årets skuledebatt.


Blant debattantane var det fråværsgrensa som skapte mest diskusjon og debatt når det gjaldt skulepolitikken. Nokon ville skrote den, medan andre ville forbetre den. Politikarane kom med mange løfter til elevane: Lærarauke i skulen, helsesystertilbod kvar dag, fleire valfag, betre seksualundervisning, friheit til å velge eigen timeplan mm.


Under klima og miljødebatten vart også debatten varm. Mange viste til sine tiltaksplanar som blant anna handla om utsleppskutt, auka avgifter, samarbeid med EU, fornybare industriar og å slutte og leite etter olje. Under debatten var det fleire elevar som stilte gode spørsmål til panelet om kva konkrete tiltak partia har for å spare miljøet.


Distriktspolitikk engasjerer elevane som bur i distrikta. Vi treng betre kollektivtilbod, mindre bomstasjonar, lågare fergeprisar, eit fungerande velferdstilbod og fleire arbeidsplassar!


Etter skuledebatten var det mulig å snakke med ungdomspolitikarane som satt i panelet på valtorget. Her fekk elevane stille fleire spørsmål samt få informasjonsbrosjyrer og anna "stæsj".


Neste veke blir det gjennomført skuleval i alle klassene her på Vestborg.


Godt val!