Seminar om grensesetting

Kjell Morten Håland • September 1, 2021

Kvifor treng vi grenser, og kor går grensene?

Onsdag 1.september kom Grete Martinsen og Inga May Naustvik til Vestborg frå hovudkontoret til Misjonssambandet for å snakke med elevane om gode grenser og seksualitet.

Inga May brukte første timen på å snakke om grensesetting. Ho tok utgangspunkt i internatlivet og det som elevane kunne kjenne seg att i. Kva for uskrivne reglar har vi i samfunnet, og på Vestborg? Kor går venene dine sine grenser? Kva er greit og ikkje greit? Kva gjer vi dersom vi trakkar over andres grenser? Korleis bruker vi sosiale media? Ho besvarte mange av desse spørmåla og fekk elevane til å diskutere med kvarandre og fortelle i plenum kva dei tenkte. Det er viktig at du veit at du bestemmer over din eigen kropp og setter dine eigne grenser, fortel Inga May. Og det er viktig at vi respekterer kvarandre sine grenser.


Grete tok over etter ein kort pause og gjekk meir inn på temaet seksualitet. Eit viktig spørsmål å stille seg sjølv er: "korleis har andre det rundt meg?". Elevane fekk innblikk i dei tre greske orda for kjærleik: filia, eros og agape. Vidare snakka Grete om at sex er meir enn kropp. Det binder to mennesker saman på ein sterk måte. Derfor er det viktig at ein vernar om sine eigne seksuelle grenser. Til slutt oppmuntra ho elevane til å reflektere rundt følgande spørsmål dersom dei er i ein kjæresterelasjon: "Føler eg meg fri til å vere meg sjølv? Respekterer den andre grensene mine? Og respekterer eg den andre sine grenser?" 



Viktige spørsmål til viktige tema, og gode refleksjonssamtalar mellom elevane på seminaret i dag!