Nytt skuleår!
I helga vart endeleg Vestborg fylt med elevar igjen. Nye og gamle elevar kom med flyttelass og sommarfuglar i magen, spente på eit nytt skuleår!
Sjølv om koronasituasjonen gjorde at vi ikkje kunne ha opningsfest for alle, fekk vi likevel ein flott fest med dei nye elevane, foreldre, søsken og personalet. Lærar Geir Myksvoll Lande leia oss stødig og godt gjennom festen. Rektor Geir Magne Engås heldt ein flott opningstale, Ole Os forkynte evangeliet på ein visuell og spennande måte og lovsangsteamet leia forsamlinga i allsong.
På søndagen hadde vi ein flott bli-kjent dag med heile skulen. Vi starta dagen med "62 grader nord". Elevane vart delte inn i grupper og fordelt på 10 aktivitetspostar. Her vart elevane utfordra på samarbeid, konsentrasjon, kunnskap, effektivitet og kreativitet. Det var ein engasjert gjeng som ga alt!
Resten av dagen bestod av grilling, sosiale aktivitetar på skuleområdet avslutta med ein elevkveld med innslag frå dei ulike gruppene.
No er vi i gong med første skuledag og elevane har hatt klassesamlingar fram til lunsj og ordinær timeplan etter lunsj.
Vi gler oss over 75 flotte elevar som har starta her på Vestborg og ser fram til eit kjekt skuleår på alle måtar!