Årets misjonsprosjekt er Stor-Kina
Årets russeklasse har valt Stor-Kina som sitt misjonsprosjekt! Her er eit intervju med dei to prosjektansvarlige, Tobias Engås og Mathias Giskeødegård.
Bilete: Mathias og Tobias
Kvart år har russen på Vestborg eit misjonsprosjekt som dei samlar inn pengar til for å støtte misjonsarbeid. Årets russekull har i år valt Stor-Kina. Stor-Kina består av fleire land. Macau, fastlands-Kina, Hongkong og Taiwan.
Eg har snakka med dei to karane som er misjonsprosjektansvarlege, Tobias Engås og Mathias Giskeødegård.
Eg spør dei kvifor dei hadde lyst til å vere prosjektansvarlege. Tobias seier at han har fått ein stor iver for misjon. Han synest det er veldig kjekt å jobbe med misjonsarbeid, og kjenner det er stort å få vere med på noko som er større enn seg sjølv.
Mathias seier også at han har fått eit stort engasjement for misjon gjennom bibellesing og opplever at Jesus talar til han gjennom det han leser.
Det er det viktigste arbeidet ein kan gjere, og eg har også ein draum om å kanskje reise ut som misjonær i framtida, så dette er ein fin måte å bli litt meir kjent med misjonsarbeid på, seier Mathias.
Kva arbeid skal de støtte?
Her er prosjekta vi skal støtte i dei ulike landa:
Samfunnsutvikling: I Kina er vi med på å støtte eit foreldrevegleiingsprogram kalt ICDP. Gjennom dette prosjektet vert forholdet mellom omsorgsgivar og barn styrka. Dette prosjektet har NLM samarbeid med myndigheitene om, og det er også Norad støtta.
Evangelisering: I Hong Kong og Macau har NLM samarbeid med Hong Kong og Macau lutherske kirke, og dei ynskjer å løfte fram kallet til å drive misjon. I Kina handlar det også om å få engasjert folk til å drive misjon som er i fokus.
Teologisk Utdanning: SYIS (Sharpening Your Interpersonal Skills) er eit leiartreningsprogram som NLM og den lokale kyrkja har utvikla. Det er svært viktig med gode leiarar i kyrkja, og både i Kina og på Taiwan vert det drive slike undervisningsprogram. På Taiwan er det spesielt fokus på å nå framandarbeidarane, og dei satsar mykje på trening av evangeliseringsteam.
Har de gode idèar for kva de vil gjere for å samle inn pengar til prosjekta?
Vi har blitt inspirert av tidlegare russekull som har gjennomført misjonsløp, misjonstivoli, måneskinnstur og sjølvsagt russeturnè. Vi har lyst til å få til alle desse arrangementa i år. I tillegg har vi nokre nye idèar som vi ynskjer å få gjennomført. Det hadde blant anna vore kjekt med ein skikkeleg basar på Vestborg, seier dei og smiler.
For to veker sidan var de på ein Kick-off i Oslo. Korleis var det?
Vi deltok på foredrag som handla om bistand, kommunikasjon og evangelisering. Vi fekk også høyre ei andakt frå generalsekretæren i NLM. Vi lærte også litt meir om vårt misjonsprosjektland og om arbeidet som skjer der. Då det nærma seg slutten av samlinga, planla vi litt kva vi ville gjere for å samle inn pengar til prosjektet. Alt i alt var Kick-off kjekt og inspirerande, fortel Mathias.
Får de reise på tur etterkvart?
Vi håpar sjølvsagt at det vil bli mulig å reise for å sjå meir av arbeidet, men det er framleis uvisst med tanke på koronasituasjonen. Det blir i så fall etter nyttår ein gong. Vi kryssar fingrane, avsluttar gutane.
Russeklassa har endå ikkje satt seg eit mål om kor mykje pengar dei vil prøve å samle inn, men dei har iallfall eit mål om å engasjere heile skulen til å vere med på misjonsprosjektet. Dei har allereie kome godt i gang med å engasjere resten av klassa, og dei har blant anna starta opp med russetenestar på skulen. Her kan elevar blant anna bestille koselige overraskingar som «koselig vekking på morgonen», «ein treningspartner» eller «bodygards for ein dag». Dei tilbyr også ulike service-tenester som «hårklipp», «romvask» og «bursdagsfeiring». Og alle pengane går til misjonsprosjektet sjølvsagt. I tillegg har russen ansvar for ein russekiosk på skulen som er open kvar helg. Her kan elevane kjøpe seg mykje digg.
Vi ynskjer russeklassa lykke til med årets misjonsprosjekt!
Bilete: Mathias og Tobias på Kick-off i Oslo