NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Det er Vestborglaget som står bak Julemessa på Vestborg. Dei består av 13 damer i år. Dei har laga til julemesse kvart år sidan 1980! I fjor vart julemessa påverka av korona, og det vart derfor berre utsalg av julebakst og gåveartiklar. Derfor var det ekstra kjekt å få lov til å ha ei skikkeleg julemesse med full gymsal igjen i år!
Lokalavisa Nyss intervjua damene helga før julemessa då dei var i full sving med kransekakebaking på Vestborgkjøkkenet. Grunnen til at damene held på med dette kvart år er fordi dei er utruleg glad i Vestborg og vil så gjerne hjelpe til der dei kan, seier dei til avisa. Dei er også ein sosial gjeng som er glad i å møtast, noko dei gjer kvar tredje veke gjennom heile året og saman legg dei ned hundretals med dugnadstimar gjennom året.
I år laga dei 48 kransekaker, i tillegg til heimelaga saft, syltetøy, småkaker, lefser, gåveartiklar og handarbeid.
I tillegg til åresalg, tombola, bingo, loddbøker og kiosk så var det samlingar med andakt, song av Kor Herrleg og Allsangkoret.
Ragnhild og Roger Lillebø hadde også ei flott songstund med songar av Trygve Bjerkrheim.
No er dei siste tala rekna saman, og resultatet etter årets julemesse var på heile 178.000kr!
Damene i Vestborglaget er godt fornøgde med resultatet, og såg i løpet av dagen at dei kunne fått selt endå meir kransekaker og lefser om dei hadde laga meir.
Vi takkar alle som kom for ein flott dag og Vestborglaget for endå ei vellykka julemesse på Vestborg!