Vestborg vgs er VM-ambassadør!

September 9, 2024

Kjende skinamn som Berit og Ove Aunli, Eldar Rønning, Thomas Northug, Espen Bredesen, Vegard Ulvang og Maren Lundby har det til felles med Vestborg at alle er VM-ambassadørar for VM på ski i Trondheim.


Ovannemnde namn er tidlegare aktive skiidrettsutøvarar. Vestborg har fått nemninga VM-eldsjel-ambassadørar saman med ei gruppe eldsjeler som brenn for VM-arrangementet i Trondheim.
 
Dette vart offentleggjort under ei ambassadørsamling i Trondheim i august.
 
I følgje Ingvil Snøfugl, PR- og mediaansvarleg for Trondheim2025, så har Vestborg gjort seg fortent til eldsjel-ambassadørtittelen av fleire årsakar.


- Allereie i desember i fjor var ein klasse med og jobba som funksjonærar under prøve-VM. I april arrangerte elevar ved Vestborg AktiVM-dag for 65 elevar frå ungdomsskular i lokalmiljøet. Under VM i mars skal heile skulen, både elevar og tilsette, til Trondheim for å jobbe som funksjonærar. Vi i Trondheim2025 er veldig nøgde med det store engasjementet skulen syner, og vi ser fram til vidare samarbeid, seier Snøfugl.


Les gjerne om saka på ski-VM sine heimesider:

https://trondheim2025.no/2024/08/her-er-ski-vm-sine-vm-ambassadorer/