Vestborg- ein håpsbærar og samfunnsbyggar i 75 år
Jubilanttreff og fest for 75-års jubilanten Vestborg
Laurdag 14.september var det feststemning på Vestborg.
Om lag 40 jubilantar var samla til årets jubilanttreff. Jubilantane møttes til klassevise samlingar, festmiddag og god drøs om Vestborg-tida si.
På kvelden var det duka for fest i gymsalen for i januar i år vart Vestborg 75 år.
Det var eit variert og innhaldsrikt program festkomitèen hadde satt saman for gjestane. Med allsongen "Navnet Jesus" og flotte songinnslag av "Trio med band" frå Sykkylven var tonen satt. Jon Ove Holen tok oss med på eit historisk attersyn på dei 75 åra til Vestborg. Kåre Johan Lid heldt kveldens festtale. Etterpå vart det tid for ein god kaffepause med kaker, dessert og prat rundt borda.
Ingrid Kvam Steinshamn losa oss igjennom siste del av programmet. Dag Inge Ulstein kom med ei helsing og trakk fram fire ting som Vestborg ga han som Vestborg-elev for 25 år sidan: vennskap, leiarutvikling, utadretta misjonsfokus og kristen tru. Han kalla Vestborg for ein håpsbærar og samfunnsbyggar.
Kristin Storstein frå Hellesylt framførte 4 nydelege songar for oss.
Bodil Breivik Bø hadde sofaprat med to av dei noverande elevane som fortalte om korleis det er å vere Vestborg-elev i 2024. Dei er også prosjektansvarlege for årets misjonsprosjekt til Indonesia og fortalte litt om arbeidet og planane dei har for årets prosjekt.
Ein ekstra stor takk til festkomitèen Eva Rinde Habostad og Svein Roar Grønbeck som tok eit stort ansvar for å gi oss ei flott bursdagsfeiring!
Her kjem ei oversikt over årets jubilantkull:

10-års jubilantar: F.v.: Norunn S. Rørvik, Elise Rebekka Nordstrand Ulriksen, Anna Aabrekk, Mia Maurstad Heitmann, Kim Andrè Sætre, Markus Engeseth, Christiane Langelo Hole.

20-års jubilantar: F.v.: Thanathasan Veerasingam, Roy Andrè Midtgård, Knut-Sigurd Habostad, Dag Martin Frøystad, Frøydis Kristine Norvik, Ida Merethe Venås, Solveig Lervik, Kristin Lovise Rogne Gjelten.

30-års jubilantar: F.v.: Brynjar Muren, Søgni Muren, Wenke Mari Granningsæter.

50-års jubilantar: F.v.: Gerd Vang Gamlem, Agnar Harnes, Wenche Harnes, Einar Ståle Steinshamn, Magnhild Steinshamn, Geir Gjerde, Anne Lise Hatlebakk Drage, Tore Harnes, Olaug Teige Harnes, Paul Johannes Flø.

60-års jubilantar: F. v.: Eldbjørg Solbakken Jensen, Kjell Arne Helset, Anne Marie Ø. Sæth, Hans Otto Skeide, Signe Nogva Dale, Inger Eggesbø Skeide, Vigdis Bigset Klungsøyr, Kjellaug Runde Sandøy, Asbjørg Kvamme Nyvoll, Gudmund Relling, Oddveig Opsvik.