Ski-VM-invitasjon til Vestborg-familien

September 20, 2024

Kanskje du er tidlegare elev, forelder, besteforelder eller har ein annan relasjon som gjer at du er glad i Vestborg?
 
Me har nokre ledige plassar i vår buss og på den skulen me skal sove på, og det hadde vore veldig kjekt om du kunne hivd deg rundt og blitt med.
 
Vestborg er VM-eldsjelambassadør for Trondheim2025. Ei av oppgåvene for å ha gjort seg fortent til den tittelen, er at elevar og tilsette ved skulen skal jobbe som funksjonærar under ski-VM.

Vi dreg frå Vestborg måndag 3. mars – og reiser attende etter 5-mila for kvinner sundag 9. mars.
 
 

NB! Påmeldingsfrist for å vere ein del av Vestborg-gjengen under VM er onsdag 25. september.
Send mail til lstokken alfakrøll vestborg.no for påmelding til oss – så kan me guide deg gjennom påmeldinga til funksjonærdatabasen til Trondheim2025 i etterkant.
 
Velkomen til å bli med oss!
 
PS! Prisen blir ikring kr 1000,- for buss og opphald.