- Heilt fantastisk!

Vg3 var på Kaldhussæter, vg2 var på Fjellsetra og vg1 var på Orreneset på samanristningsturar.
Føremålet med turane var å byggje fellesskap innan klassetrinna i byrjinga av året, og samstundes arbeide med verdiane til Vestborg og ha om SAMM – systematisk arbeid med motivasjon og meistring.
I denne artikkelen set ein fokuset på vg1 og aktivitetane på Orreneset.
Ein drog frå Vestborg etter lunsj, og hadde Bonhoeffer-vandring to og to. Kort fortald dreier deg seg å samtale om spørsmål som «Korleis ville ein perfekt dag ha vore for deg?».
Etter middag var det kajakkpadling, kubbespel og volleyballaktiviteten «Smash» - og om til kveldsmat var det grilla pølse.
På kvelden skreiv ein gode ord til kvarandre på papptallerkenar, før det var leiken «Snik» i mørket. Det handla om å snike seg fram til eit mål utan å bli lyst på av læraren med lommelykt.
Tysdag morgon, etter frukost og ord for dagen, vart det innføring i SAMM. Deretter laga elevane artige og poengterte skodespel basert på verdiane til Vestborg. I tillegg til pakking og vasking var det også tips om korleis byggje trivsel, som til dømes å helse på kvarandre med namn – lytte aktivt med oppriktig interesse og gje ros med grunngjeving.
Vi lærarar som var med er så takknemlege for dagane. Elevane viser at dei vil jobbe for å gå på ein skule og i eit klassetrinn der trivsel er viktig. Det er det mange fordelar med, til dømes aukar det sjansen for å yte god innsats fagleg – men også lære verktøy for å skape god trivsel rundt seg etter Vestborg, som til dømes i studiemiljø, jobb, ekteskap og naboskap.
Vg1-elevane viser til dømes at dei kan samarbeide med same kven dei hamnar på gruppe med. Det er ein eigenskap som er god å ta med seg inn i framtida.
Og så er det veldig kjekt å høyre ein av elevane skildrar dagane på Orreneset på fylgjande vis:
- Det var heilt fantastisk. Eg opplevde fellesskapet innan vg1-gjengen som veldig sterkt.
Nedanfor pøsar vi på med bilete som syner glimt frå dei ulike aktivitetar.

Ser du Phillip Valen øvst i treet? :-)






