Vestborg 75 år
Velkommen til jubileumsfest 14. september kl. 18.

Vestborg feirar 75 år i år. Det blir markert med ein stor jubileumsfest laurdag 14. september kl. 18. Festen er open for alle, så du er hjarteleg velkommen!
9. januar 1949 starta 32 elevar på Storfjord handelsskule, med undervisning i bedehuskjellaren. Det har skjedd mykje på 75 år. Skulen fått nytt namn og eigne bygningar, men visjonen om å drive ein god, kristen skule, er den same i dag.
Vi gler oss til å fylle gymsalen på Vestborg laurdag 14. september kl. 18. Det årlege jubilanttreffet blir arrangert same dag, så mange tidlegare elevar har tidlegare på dagen mimra om tida på Vestborg.
Det blir eit variert program på festen. Kåre Johan Lid er festtalar. Det blir historisk attersyn ved rektor Jon Ove Holen. Bodil Breivik Bø har sofaprat med to av dagens elevar og det blir helsing av Dag-Inge Ulstein. I tillegg blir det fleire song- og musikkinnslag. Kaffi og kaker blir det sjølvsagt også.
Vi håper mange tidlegare elevar, tidlegare personale, misjonsvenner og andre interesserte tek turen til Vestborg denne dagen.
Du er hjarteleg velkommen!