Ny miljøarbeidar på plass

Therese er frå Langevåg, gjekk på Vestborg i tre år og var russ i koronaåret 2020. Etter Vestborg har ho mellom anna gått på Ansgar bibelskole i Kristiansand, disippeltreningsskule i Ungdom i oppdrag på Grimerud og vore trainee i Laget i Ålesund. I påvente av studiar i England, så høvde det godt både for Therese og Vestborg at ho dette skuleåret er miljøarbeidar.
- Kva tenkjer du om oppgåva du skal inn i?
- Eg trur det blir eit spennande, lærerikt, utfordrande og eit veldig bra år. Eg gler meg til å bli kjend med både elevar og tilsette, seier Therese, som på morgonsamlinga i dag vart introdusert av rektor Jon Ove for elevflokken.