Stor elevauke på Vestborg!

Førre skuleår hadde Vestborg 63 elevar. I skrivande stund har talet auka til 93.
- Dette er vi veldig glade og takksame for, seier rektor Jon Ove Holen.
Han har særskild lete seg overraske og imponere over fjorårets vg1-elevar.
- Det har vore heilt vanleg at nokre elevar sluttar etter vg1. No har det uvanlege skjedd at alle av fjorårets vg1-elevar held fram på Vestborg. I tillegg har vi no heile 6 nye elevar i klassen deira. Det er vi svært glade for, seier han.
Holen trekk også fram årets vg1-elevar.
- Dei siste 10-15 åra har det høgste talet på vg1-elevane vore ikring 30. I år har heile 43 elevar starta i vg1. Denne auken gler oss veldig.
- Korleis forklarar du denne auken?
- Fyrst og fremst gir eg ære til elevane sjølve. Det er dei som til sjuande og sist lagar trivsel. Vi har hatt elevar som vel å legge til rette for at medelevar skal ha det bra – og som er gode på å byggje tillit seg i mellom. Elles har det nok sitt å seie at Utdanningsdirektoratet si elevundersøkjing viser at både trivselen til elevane og støtta frå lærarane er heilt i norgestoppen. Dessutan trur vi at elevane opplever at det å drive ein skule på kristne verdiar er trygt og godt. I tillegg opplever eg at eg har svært dedikerte og dyktige kollegaer. Det gjer at Vestborg er ein god skule både når det gjeld trivsel og når det gjeld det faglege, avsluttar rektor Holen.