MENY

Vestborg – landets beste vgs-skule!

January 16, 2025

Legg ein tala nedanfor til grunn, ser ein at Vestborg er den beste vgs-skulen i landet.
Vestborg har eit gjennomsnitt på 4.51. Skulen som ligg på 2. plass har til samanlikning 4.43 i gjennomsnitt.

 

Kvart år gjennomfører Utdanningsdirektoratet ei elevundersøkjing på alle grunn- og vgs-skular i landet. Undersøkjinga er obligatorisk å gjennomføre på vidaregåande for vg1.
 

Vestborg er så heldige at vi har fått tilsendt ei talknusing av elevresultata frå ein organisasjon som samanstillar resultata. Dei som har knusa tala har berre teke tak i vg1-resultata, sidan det er berre vg1 som undersøkjinga er obligatorisk for.
 
Av dei om lag 400 vgs-skulane i landet, så har Vestborg fått desse plasseringane i dei 10 ulike kategoriane:

Kategori Resultat (5,0 er max) Plassering i Noreg
Trivsel 4,8 Nr 1
Støtte frå lærarane 4,7 Nr 1
Støtte heimefrå 4,4 Nr 4
Vurdering for læring 4,0 Nr 1
Læringskultur 4,8 Nr 1
Meistring 4,3 Nr 2
Motivasjon 4.5 Nr 1
Elevdemokrati og medverknad 4,4 Nr 1
Felles reglar 4,7 Nr 3
Faglege utfordringar 4,6 Nr 9

Når ein legg saman og lagar gjennomsnitt av desse tala, så er Vestborg best i landet!
Vestborg har altså 4,51 i snitt!
 
Rektor Jon Ove Holen forklarar dei gode resultata på denne måten.

- Eg trur bakgrunnen for dette fantastiske resultatet er samansett. Vi er ein kristen skule med verdiar som er grunnmuren i det daglege arbeidet. Vi er ein liten skule. Det gjer at elevar og personalet lettare kan sjå kvarandre. Vi er ein internatskule. Det gjer at elevane våre blir kjende med kvarandres svake og sterke sider – og dermed kan bli trygge på kvarandre – også etter skuletid. Dessutan har vi eit personalet som jobbar veldig godt i lag og som utfyller kvarandre. Personalet jobbar også aktivt med at elevane skal få verktøy til å ta gode relasjonelle val for å skape trivsel sjølve. Vi har ei elevgruppe som er veldig gode på å skape trivsel og trygge rammer rundt seg. Dette er også med å bygge den gode læringskulturen som Elevundersøkjinga viser at vi har, seier rektor Holen.



Resultata frå undersøkjinga finn du her:

https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-videregaende-skole/elevundersokelsen-laringsmiljo-vgs-sortert-etter-fylker-og-skoler/
Share by: