NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Drøfting er ein viktig del av mange av faga på vidaregåande. Elevane vert ofte utfordra på skrive drøftande tekstar. Under seminaret med Pernille Fiskerstrand fekk elevane innføring korleis dei kunne skrive desse tekstane. Kort fortald handlar det ikkje berre om å sjå fordelar og ulemper med ei sak, men også gruppere argumenta når ein skriv den drøftande teksten. Det var også viktig å bruke motsetnadstekstbindande uttrykk som «samstundes», «likevel» og «på den andre sida».
Etter at seminaret med elevane hadde Pernille også ei økt med pedagogane. Der gav ho gode tips korleis ein som lærar kunne hjelpe elevane å lage gode drøftande tekstar.
Pernille kom med gode innspel korleis både elevar og lærarar kan utvikle seg vidare i rollene sine – og dermed ta eit nytt steg vidare i å utvikle seg sjølve.