MENY

Juleveka på Vestborg

Åshild Stenberg • December 21, 2024

Vestborg har tatt juleferie og her kjem nokre bileter frå avslutningsveka vår

Vg3 kroppsøving viste fram dansekoreografiane dei hadde jobba med den siste månaden for resten av klassa og eit eminent dommarpanel.

Elevane har vaska internata og fellesareal på skulen så det vart reint og fint til juleferien.

Vi har hatt ein flott julefest med mange fine, kreative og morosame innslag. Vg2-elevane stod for pynting, organisering og leiing. Kjøkkenet laga deilig julemiddag til oss som alltid. Kvelden vart avslutta med song og juletregang.

Vi har hatt klassevise avslutningar der nokon var inviterte heim til kontaktlærar på frukost og andre spelte blant anna volleyballong.

Vi har hatt kanonballturnering og elevlaget som vann turneringa fekk spele mot personallaget (som dessverre vart utspelt av den yngre garde..)

Turneringa vart avslutta med felles varmlunsj til både elevar og personalet før alle starta på reisa heim til juleferie.


Vi ser tilbake på eit flott haustsemester saman og ser fram mot ein spennande vår.


Med ønske om ei velsigna julehøgtid for alle!

F.v: Vg3, Vg2, Vg1

Share by: