NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Her er Andreas Frantzen Lothe sitt referat frå kvelden. Han er prosjektleiaransvarleg for misjonsprosjektet saman med Hanna Aasbø.
"Vi opna spleisen etter morgensamling og fekk folk til å dele lenka i sosiale medium til familie og vener. Allerede før innsamlingskvelden hadde vi samla inn nesten 40 000 kr. Møtesalen var rigga med kafébord, og kiosken var open heile kvelden.
Programmet starta med at vi presenterte prosjekta vi har besøkt i Medan og fortalte om arbeidet der. Deretter byrja vi med delmåla:
Hovudmålet var 75 000 kr, med premie om at russen skulle arrangere skuleball. Vi sette også eit bonusmål på 100 000 kr, der VG3-gutane måtte ta avføringsmiddel – noko dei no må gjere!
Kvelden gjekk over alle forventningar, og vi er utruleg nøgde med innsatsen frå resten av skulen for å samle inn pengar".
Totalt fekk Vestborgrussen inn over 110 000kr som går til misjonsarbeidet i Indonesia, fantastisk!