NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Kick-off er Vestborg si bli-kjend-helg. Til saman vert det denne helga samla 51 ungdomar som vurderer å byrje på Vestborg til hausten.
Det er eit tal rektor Jon Ove Holen er godt nøgd med.
- Det er litt færre enn i fjor, men meir enn føregåande år, så vi er veldig godt nøgde med oppmøtet, seier Holen.
Dei fyrste programpostane er i gang, og gjestene våre har allereie vist stort engasjement under bli-kjend-aktivitetar i gymsalen. Det er kjekt å få besøk av ein gjeng som er så positivt innstilt på å få ei bra helg!