NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
I dag var dei to timane etter lunsj sett av til eit fellesseminar for heile skulen med Alexis Lundh. Han jobbar i Tro og Medier og er leiar for HeltFri.net.
Alexis snakka om identitet og at den ligg forankra i vår verdi som menneske, uavhengig av popularitet, "likes", prestasjonar etc. Han fortalte historier frå møter med ulike mennesker for å knytte tema til levd liv.
Unge usikre mennesker som opplever kjønnskriser trenger trygge vaksne som står saman med dei over tid. Eit grunnleggande menneskeleg behov er å bli elska, og dette bør vere vårt hovudfokus i møte med alle slags mennesker som tenker annleis om kjønn og seksualitet enn oss sjølve.
Det å lytte til og anerkjenne at folk har det vanskelig er måten vi kan vise respekt på i møte med vanskelige spørsmål og samtalar knytt til tema, seier Lundh.
Alexis løfta også fram kva for styrker som bur i mannen og kvinna, og som er ulike frå kvarandre, nettopp fordi vi er meint for å utfylle kvarandre. Ekteskapet og pakta mellom mannen og kvinna er eit bilete på bruda og brudgomen, Jesus og kirka.
I kveld blir det arrangert eit møte med Alexis på skulen der han skal svare på mange av dei anonyme spørsmåla som elevane har sendt inn i forkant.