NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
- Vestborg har hjelpt meg å flytte fokus frå meg sjølv til å høyre om andre har det bra.
Det seier vg3-elev Johannes Garcia de Presno som byrja på Vestborg fyrst som vg2-elev, men har blitt veldig glad i skulen i løpet av 1 ½ år.
Han kjem rett frå ein topptur på ski til tekjøkkenprat.
- Sidan eg hadde nokre fritimar, rakk eg, saman med klassekamerat Andreas Lothe, ein 5-timars topptur no før det blei mørkt, seier Johannes og set seg til rette på tekjøkkenet på Drege.
- Korleis er det å vere elev på Vestborg?
- Det å ha sine beste vener på naboromma og vere saman med dei både på skulen og i fritida, ja – det gjer at det er veldig gøy på Vestborg. Dermed blir opplevinga å vere elev mykje betre enn å vere elev ved ein vanleg vgs.
Under praten vår, kom vi inn på ulike tema:
SKULE
- Skuledagen på Vestborg er på fleire måtar lik andre skular eg har gått på, men nærleiken til vener gjer at eg opplever skuledagen annleis enn på andre skular. Dermed blir eg meir komfortabel i timane, det blir mindre stress og eg kan ha meir fokus på det faglege. Internatlivet opnar også opp for å jobbe saman med klassekameratar på ettermiddagstid på ein annan måte en eksternatskular. No har vi nettopp hatt kontaktlærarsamtale. Eg har Geir Myksvoll Lande som kontaktlærar. Han legg merke til kva som blir sagt mellom linjene, og eg opplever meg sett og høyrt.
DET SOSIALE
- Å gå på Vestborg gjer at ein blir veldig godt kjend med folk sidan vi bur i lag. Det har gjort at eg har lært å ta meir omsyn til andre og vere til stades for andre. Tidlegare var eg oppteken av korleis eg oppførde meg og korleis andre tolka meg, men det fokuset har no blitt flytta. No har det blitt viktig for meg å sjå andre og høyre om andre har det bra. Eg prøvar å gjere dagen bra for andre – og ikkje berre for meg sjølv. På Vestborg er det ikkje berre eg som tenkjer sånn, men vi er fleire – og vi er eit lag. Alle må bidra for at laget skal gjere det bra. Kvardagane er fylt med latter. Ja, Vestborg er det beste miljøet eg har opplevd. I tillegg slepp vi å ta buss til og frå skulen. Det gjer at vi får mykje meir tid til å halde på med aktivitetar, slappe av eller gjere skulearbeid. Eg vil også nemne fasilitetane på og rundt skulen. Fjellet, skitrekket, buldrehallen, treningsrommet vårt og volleyball-miljøet vårt aukar aktiviteten og gjer noko med fellesskapen på Vestborg. Dette er viktige faktorar for kvardagane mine og som er med på gjere livet på Vestborg komplett.
DET ANDELEGE
- Eg har vakse opp i ein kristen familie og har vore kristen frå barndomen av, men det var fyrst på Vestborg eg forstod alvoret i den kristne bodskapen. Her på Vestborg har møta betydd mykje, men også dei viktige samtalane med kristne vener. Spesielt var Peter Eide, russ i fjor, viktig for meg. Han – og fleire på Drege-internatet – har støtta meg og hatt trua på meg. Gjennom desse erfaringane forstod eg kor viktig Bibelen er for den kristne trua – og gjennom å lese dagleg i Bibelen forstår eg meir og meir. Det gjer meg inspirert til å dele trua mi med andre og vere til støtte for andre, til dømes i kvardagen og gjennom å vere bibelgruppe-leiar.
ULIKE HØGDEPUNKT
- Alle toppturane saman med venene mine. Turen til Roma i vg2. Det å få delta i NM i volleyball med Vestborg to år på rad. Sommar, sol, vassmelon og sandvolleyball. Det at heile skulen skal jobbe som funksjonærar under VM på ski i Trondheim blir truleg eit høgdepunkt. Men det største høgdepunktet er å få skape gode kvardagar sjølv, saman med venene sine. Ja, eg kjenner eg er sterkt knytt til folka her. Det blir tøft å ta farvel med dei i juni.
KVA VESTBORG HAR BETYDD
- Det er vanskeleg å starte, for Vestborg har betydd veldig mykje for meg på mange områder. Eg har fått fleire vener, og eg har fått oppleve nærleik med dei på eit djupare nivå enn eg har opplevd tidlegare. Vestborg har betydd mykje for treningslivet mitt. Alle fasilitetane på og rundt skulen gjer at ting ligg til rette for fysisk aktivitet. Skulen har også vore viktig for meg gjennom det andelege aspektet. Gud har gitt meg nye eigenskapar og hjelpt meg til å forbetre dei gamle. Til dømes har eg fått meir tolmod og ein annan moral. Eg opplever at eg har fått vere i ei heilaggjering. Dessutan ser eg meir positivt på livet og ting har falle til ro fordi eg kan legge ting i Guds hender.