Vestborg; blant dei aller beste i landet på trivsel!

February 2, 2024

Det er grunn til å tru at Vestborg-elevane er blant dei elevane i landet med best trivsel i vidaregåande skule, studieførebuande retning.


Vi har studert tala til Utdanningsdirektoratet sin elevundersøking for skuleåret 2023-24. Dei er å finne her: https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-videregaende-skole/elevundersokelsen-laringsmiljo-vgs-sortert-etter-indikator/.

Der har vi teke eit djupdykk i kategorien «Trivsel», og med atterhald i menneskelege feil, her er resultata:


Til saman er det 382 skular i landet som tilbyr studieførebuande fag i vgs.


I vg2 så har Vestborg den beste trivselen i heile landet!

PLASSERING SKULE SCORE (max er 5,0)
1. Vestborg vgs 4,9
2. Storhamar vgs i Innlandet 4,7
2. Wang vgs, Fredrikstad 4,7
Møre og Romsdal sitt gjennomsnitt 4.2
Landsgjennomsnitt 4,2


I vg3 så har Vestborg den fjerde beste trivselen i landet!

PLASSERING SKULE SCORE (max er 5,0)
1. Sirdal vgs i Agder 5,0
2. Byremo vgs i Agder 4,7
2. Akademiet realfagsgymnas, Sandvika i Akershus 4,7
4. Vestborg vgs* 4.6
Møre og Romsdal sitt gjennomsnitt 4.1
Landsgjennomsnitt 4,2

*Vestborg deler 4. plassen med 4 andre skular


Vg 1:

På grunn av personvernreglementet kjem ikkje Vestborg sine resultat fram på den offisielle statistikken for vg1.


Rektor Jon Ove Holen er veldig glad for tala i elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet.

 

-           Trass i tala i vg1 er noko usikre, og at andre deler av undersøkinga viser at vi har område vi bør bli betre på, varmar resultata om trivsel eit rektorhjarte. Det er stort at elevane våre har det så godt på Vestborg, og så veit vi at gjennom god trivsel i skulen så aukar det lærelysta. Dette speglar også resultata for Vestborg i andre kategoriar i elevundersøkinga.

 

-           Kva er årsaka til den høge trivselen på Vestborg?

 

-           Det er det fleire årsaker til. Mellom anna er vi ein kristen internatskule med relativt få elevar, og det gjer at personalet og elevane kjem tett på kvarandre. Når det gjeld servicepersonalet og pedagogane, så står dei på langt meir enn ein kan forvente for å gjere dagane til elevane best mogleg - både når det gjeld trivsel og det faglege. Eg er imponert over kor personalet drar lasset i lag og i same retning. 
Men eg vil også løfte fram vala og jobben som elevane gjer. Eitt av Vestborg sine verdiord er tillit. Eg opplever at elevane våre byggjer tillit i staden for å rive gjennom vala dei tek i møte kvarandre og personalet. Eit døme på haldninga til elevane synte seg då vi nyleg hadde bli-kjent-helg på tunet. Då hadde vi ein rekordstor gjeng på besøk som vurderer å bli Vestborg-elev til hausten. Denne helga var det veldig flott å sjå måten elevane våre inkluderte gjestane våre på. Eg fekk mange gode tilbakemeldingar frå både bli-kjent-helg-deltakarar og foreldra deira i samband med denne helga.