Styret vitjar Vestborg

Årleg i januar legg styret eit møte til Vestborg. I samband med dette har ein middag og møte med personalet.
Også i år, og som så ofte elles i løpet av eit år, så stilte kjøkenet opp med tilrettelegging og god mat. Denne gongen var det laks som stod på menyen.
Leiar i styret, Ingrid Kvam Steinshamn, leia fellessamlinga. Det vart teke utgangspunkt i elevundersøkjinga som viser at trivselen blant elevane er veldig høg. Deretter var det samtale rundt borda kva som kunne vere årsaker til det. Styret og styreleiar Steinshamn ville med dette setje ljos på det gode arbeidet som vert gjort på skulen.
Det er verdifullt å ha fellesmøte mellom styret og personalet. Då utvidast kunnskap og kjennskap til dei som fyller ulike roller i det å drive Vestborg vidaregåande skule.