- Eg trur aldri eg har vore så glad før

January 21, 2024

På Vestborg er ein no inne i avslutningsdagen under kick-off-helga. Mange kick-offerar er i skitrekket, og no klokka 14 er det informasjonsmøte for foreldre.


Med nærare 60 kick-offerar, over 40 foreldre, samt russen som kjem att frå russeturne, vil det aule med folk på Vestborg under middagen kl 15. Det kan fort verte 150-170 personar som skal serverast!


Men tilbake til kick-offerane.
Det verkar som om gjestene våre er nøgde med helga. Her kjem nokre kommentarar:
 
- Eg trur aldri eg har vore så glad som eg har vore denne helga.
- Eg fekk meir lyst å gå på Vestborg etter denne helga
- Eg blei kjend med mange nye og fine folk, og eg vurderer skulen meir no enn før kick-off!

 - Det var gøy. Spesielt elevkvelden.
- VELDIG KJEKT! Ei heilt super helg – og eg har fått sterke inntrykk. Kick-off er 10/10!


Dei ansvarlege for helga vil gjerne takke alle elevane som bidrog med friviljug innsats, samt miljøarbeidarar og kjøkengjengen. Tusen takk!


Og så må elevkvelden laurdag nemnast! For ei fantastisk stemning! For ei fellesskapskjensle det var mellom elevar og kick-offerar!

Rørande!

Sengestrekk-konkurranse

Grandiosa, sponsa av Stabburet, til kvelds!

Informasjon før "Capture the flag".