Ny deltakarrekord på kick-off!

Kick-off er ei bli-kjent-helg. Elevar som vurderer Vestborg til hausten er her for å bli kjend med skulen, elevar som til neste år skal gå i vg2 og vg3, samt elevar som kanskje blir klassekameratar komande skuleår.
Kick-offdeltakarane har fredag kveld vore med på blant anna bli-kjend-aktivitetar i gymsalen. Utover i helga står mellom anna Capture the flag og elevkveld på programmet. Sundag skal dei aller fleste i trekket.
Dei vil også få informasjon om kva fagtilbod skulen gir.
Mange av kick-offerane sine foreldre kjem både til informasjonsmøte og middag på sundag.
Det er ein positiv gjeng vi har som gjestar i helga, og det ser ut til dei aktivt tek initiativ til å bli kjende med kvarandre.
Dette ser lovande ut med tanke på neste skuleår!
Nedanfor ser de gjengen i gang med "buss-leiken".
