Vestborg med på NM

Anders Nybakk • February 6, 2024

I helga deltok mikslaget til Vestborg på skule-NM i Volleyball

Etter ein sterk fjerdeplass på regionsmeisterskapet i Ulsteinvik i haust klarte mikslaget til Vestborg, å kvalifisere seg til skule-NM i volleyball, som vart avholdt 2.-4. februar i Stavanger. I miksklassa var det 24 lag som deltok.


På fredag spelte dei to kampar som resulterte i ein siger og eit tap, og kvalifisering til sekstendelsfinale på Laurdag. Her spelte Vestborg mot Akademiet, og vann i strake sett, og gjekk med det vidare til åttedelsfinalen. Her vart det dessverre tap mot Nydalen VGS, så da var det posisjonskampar som gjensto.


Dei tre posisjonskampane vart spelt laurdag kveld og søndag morgon, og Vestborg endte til slutt på ein 12. plass. Ein veldig solid innsats av mikslaget vårt, mot tøff motstand. (Kampresultata ligg nederst i saka)

Bak fra venstre: Trygve Sørli (idr. vg2), Samuel Andreas Fiskerstrand (idr. vg3), Christian Myklebust Shimeles (idr. vg2), Vegard Muren (idr. vg3), Johannes Garcia de Presno (stud.spes vg2), Tobias Engås (trener og miljøarbeider)

Foran fra venstre: Josefine Tengesdal Haug (idr. vg2), Sara Tynes Ellefsen (idr. vg1), Vinja Marie Vines (stud.spes. vg2), Emilie Grinik Henriksen (Stud.spes. vg3), Marcus Volle (idr. vg3)

Foto: Markus Engås