Ut på tur!
Vi er godt i gong med skuleåret her på Vestborg og mange av elevane har vore på ulike turar. Her kjem eit lite glimt:
Allerede første skuleveka reiste vg1 idrett på Camp Hjørundfjord. Gjengen overnatta på Urke, gjekk på tur, spelte volleyball, grilla og vart betre kjent.
Vg3 klassa består av både studiespesialisering, idrett og påbygg. Dei var på ein overnattingstur til Tafjorden, nærare bestemt Kaldhussæter. Her vart det god stemning med konkurransar, leik, bading, kajakk, fisking og tacofest.
Vg1 har vore på Orreneset på ein samanristningstur. Bli-kjent aktivitetar, grilling og sosialisering stod på programmet.
Aktivitetslære 2 (elevar som går idrett vg2) har vore på ein flott sykkeltur over Flofjellet på sin første fagdag. Sjekk dette landskapet som vi får boltre oss i! Vi er jammen heldige.
Forrige fredag hadde Breiddeidrett fagdag og dei reiste på tur til Patchellhytta- ei stor DNT hytte som ligg ved foten av Slogen. Gjengen trassa det kraftige regnvêret og fekk seg ein frisk og kjekk tur. Dei fleste kosa seg inne på hytta medan ein liten gjeng nådde nesten toppen av Slogen i regn og djupsnø mot slutten. Imponerande!