NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Der møtte dei sportsleg leiar i AaFK, Bjørn Erik Melland, som hadde ei veldig god økt om korleis AaFK tenkte og jobba.
Om verdiar og visjonar, om korleis klubben er organisert, om etiske problemstillingar og om AaFK som samfunnsaktør.
Elevane gav uttrykk for at dette var ei lærerik økt, og sa etterpå mellom anna:
- Bjørn Erik er ein kjekk og hyggjeleg kar, og det var innhalds- og lærerikt å høyre på han. Han hadde veldig god livsvisdom å dele. Mellom anna gjorde det inntrykk å høyre kor viktig det var for klubben å sjå enkeltmennesket – og bygge det opp. Vi var positivt overraska over kor viktig verdiar og enkeltmennesket betyr for klubben.