Jubilanttreffet 2022

Åshild Stenberg • September 21, 2022

Laurdag 17.september var det jubilanttreff her på Vestborg

God stemning og gjensynsglede prega jubilanttreffet på Vestborg også dette året.

Laurdag 17. september var nærare 40 tidlegare elevar og tilsette samla til jubilanttreff på Vestborg. Det var ei stor gruppe 50-årsjubilantar og mindre grupper med 10- og 20-årsjubilantar.

Opplegget var omtrent det same som kvart år – klassevis samlingar, festmiddag og kaffi med kaker og program. Per Arne Sve hadde andakt og kvart kull delte nokre minner frå tida på Vestborg.

Men det viktigaste på eit jubilanttreff er det som skjer i tillegg til det offisielle programmet. Gjensynsgleda var stor og praten gjekk om tida på Vestborg og kva som hadde skjedd i åra etter. Eit høgdepunkt for nokre var å få sjå det gamle internatet og rommet dei hadde budd på.

Og når programmet var ferdig og matsalen rydda, sat mange igjen og prata utover kvelden.


50-års jubilantar: Framme f.v.: Turid Hestad, Svanhild Røyrhus, Herdis Ous, Ove Eidhammer, Anita Sundnes Ytterland, Laila Aas, Reidun Høydalsvik, Reidun Farstad, Margaret Urkedal, Åse Margrethe Garshol Haram og Øivind Ødegaard. Midtre rekke f.v.: Sigmund Berge, Lars Petter Fylling, Knut Åland, Kari-Lise Driveklepp, Ola Torstein Sæter, Tormod Hoel, Hildegunn Skarbø Hoel og Kjell Arne Dahle. Bakre rekke f.v: Leidulv Hareide, Torbjørn Støylen, Arne Espelund, Magne Åkre, Jarle Asbjørn Viset, Geir Kolbjørn Rødset og Bent Vatnehol.

20-års jubilantar: F.v.: Randi Petrin Starheimsæter og Hanne Bøe Kleiven.

10-års jubilantar: F.v.: Linda Elise Bakke, Solbjørg K. Stokken Stensbøl, Klara Alnes Røyset og Martine Godø Alnes.