Truleg rekordstor hospiteringsgjeng

Denne veka var det mange nye andlet å sjå på tunet. Onsdag og torsdag var nemleg ein flott gjeng hospitantar på besøk. Det er 10. klassingar som valde å kome til Vestborg for å bli betre kjend med skulen. Kvart år i november arrangerer fylket hospiteringsveke der 10. klassingar får besøke skular dei vurderer å gå på.
Desse dagane var heile 24 ungdomsskuleelevar innom tunet, og så langt som ein veit, så har talet aldri vore høgare for Vestborg. Det er det gledeleg å notere seg.
Servicepersonalet, lærar og fadderelevar gjorde ein flott jobb med å legge til rette for gjennomføringa.
Aller mest action var det då kjemilærar Øystein Strand og naturfaglærar Anders Nybakk viste kjemi i praksis.
Etter rapportane å døme var hospitantane godt nøgde med opphaldet.
- Dette var veldig bra, var til dømes ein kommentar frå ein av hospitantane.
