Kvardagsglimt: Morgonsamling

Her på vestborg.no legg vi framover vekt på å kome med glimt kva som skjer i kvardagen på Vestborg. Vi byrjar med «hjarta» i skulekvardagen vår: Morgonsamlinga.
Kvar vekedag kl 10.05 samlast elevar og personalet. Her kjenner vi på fellesskapet og her blir det gitt fellesmeldingar. Hovudingrediensen i morgonsamlinga er andakta.
Tysdag denne veka var det inspektør Øystein Strand sin tur til å ha andakt. Dei siste vekene har det vore godt ver her på Nordvestlandet, så Øystein snakka om morgonstjerna, altså planeten Venus. Dette linka han til 2. Petersbrev 2.19, der det står at profetord er som ei morgonstjerne.