Unike tilbod for Vestborg-elevar

December 9, 2023

Førre veke var idrett vg3 i Östersund under World Cup i skiskyting. Der hjelpte dei mellom anna til på «skjutvallen» - på standplass med viktige oppgåver. Les gjerne nedanfor kva dei einskilde opplevde.


Komande veke skal idrett vg2 til Trondheim for å hjelpe til under prøve-VM på ski.


Kjenner du nokon som vurderer å ta idrett på Vestborg? Då kan det vere greitt å vite at neste skuleår skal alle elevar som går idrett vere funksjonær under VM på ski i Trondheim. Dette arrangementet er det det største i Noreg dette tiåret – og Vestborg-elevar får vere med i arrangørstaben.

Skuleåret 2025-26 er det Vestborg-elevar som igjen får reise til Östersund.

Desse tilboda er nært knytt opp mot faga «Idrett og samfunn» og «Treningsleiing».


Så til de som er glade i Vestborg: Sprei gjerne bodskapen om dette unike tilbodet som idrettselevar ved Vestborg får!

 

 

Her kjem rapport frå Östersund-fararane:


Samuel Fiskerstrand frå Ulsteinvik:

-       Det var veldig, veldig kjekt. Opplevinga overgjekk mine allereie høge forventningar.

-       Kva for oppgåve hadde du?

-       Eg var «knapptryckare» på standplass. Det vil seie eg hadde ansvaret for å registrere digitalt kva for bane skiskyttarane var på når dei skulle skyte. Det gjorde at TV-sjåarane kunne sjå i høgre biletkant kva for utøvar som var inne til skyting, og kor mange treff og bom vedkomande hadde. Dessutan var eg med på å skifte skytetavler under trening og under innskyting før konkurransane.

Samuel likte å jobbe inne på stadion.

-       Det var veldig kult å sitje like bak skiskyttarane då dei var på standplass – og få vere så tett på under konkurransane. Eg har også møtt og snakka med fleire utøvarar, og eg har fått startnummer til nokre av dei. Det var imponerande kor jordnære dei var.

-       Kva har du lært?

-       Eg har lært meir kor mykje det krevst for å gjennomføre eit så stort arrangement. Det var stor profesjonalitet som låg bak! Til saman var vi 1000 friviljuge som hjelpte for å få gjennomført arrangementet. Eg har også fått innblikk i kor mykje det å arrangere World Cup i skiskyting har å seie for byen Östersund, seier Vestborg-eleven.

 

 

Tobias Engås (miljøarbeidar) og Vegard Muren frå Stranda: 
Vegard og Tobias var to av dei som fekk seg ei stor oppleving i Sveriges vinterhovudstad. Oppgåvene deira var hovudsakleg på «skjutvallen», eller standplass som ein seier på norsk.

Vegard hadde mellom anna oppgåva som protokollførar. Då hadde han ansvar for å notere ned bom på dei skivene han hadde fått tildelt. Ei anna oppgåve var å halde skytematta fri for snø ved å koste.

Tobias var «knapptryckar» på standplass. Det vil seie han hadde ansvaret for å registrere digitalt kva for bane skiskyttarane var på når dei skulle skyte. Det gjorde at TV-sjåarane kunne sjå i høgre biletkant kva for utøvar som var inne til skyting, og kor mange treff og bom vedkomande hadde.

Dei var ein del av ein stab på 1000 friviljuge som hjelpte til under World Cup-arrangementet

Vegard var veldig godt nøgd med det han fekk oppleve.

-       Det var veldig bra i Östersund! I fritida fekk prøvd både Go cart, laser tag og curling. På stadion opplevde vi svenskane som veldig imøtekomande og gode folk. Eg likte spesielt jobben med å koste matter. Då var eg veldig nær utøvarane under konkurransen.

-       Kva anna likte du?

-       Eg fekk snakka med Tarjei Bø, og vi fekk startnummera til utøvarar. Det var stas.

-       Kva har du lært?

-       Det er veldig mange ting som må gjerast på eit sånt arrangement som ein ikkje ser på TV. Eit døme er at mattene skiskyttarane står på når dei skyt, må skruast ned i bord som ligg under snøen.

Tobias hadde også ei veldig god oppleving.

-       Eg har kosa meg med oppgåva, og det å få skiskyting på så nært hald. Det har vore veldig bra. Eg har treft veldig mange hyggjelege folk i arrangørstaben og eg har hatt det veldig kjekt med Vestborg-gjengen som har vore på tur. I tillegg var det ein spesiell atmosfære på stadion med kaldt ver, snø, vindstille og flomlys.

-       Har du nokre høgdepunkt å trekke fram?

-       Vebjørn Sørum tok sin først pallplass i verdscupen i Östersund. Han var ein triveleg kar, og han snakka eg med ved fleire høve. Det var kjekt. Det var også artig å få prate med Dorothea Wierer frå Italia. Eg fekk til og med eine startnummeret hennar.

Vegard summerer opphaldet på dette vis:
- Dette var tøft å vere ein del av!

 

 

Marcus Volle frå Sula:

Marcus hadde nokre strålande dagar i Sveriges vinterhovudstad.

Han var for det meste protokollførar. Det vil seie at han jobba på standplass, og der han førte manuelt inn i skjema kor mange bom skiskyttarane på hans baner fekk. Dette var som ein back-up om noko skulle gå galt med det digitale. I tillegg fekk han prøve seg som løypevakt.

-       Dette var veldig kjekt! Eg har møtt mange trivelege svenskar. Dei var hyggjelege og hjelpte oss på beste måte. Det var også gøy å møte mange av dei store namna som eg tidlegare berre har sett på TV.

-       Kva har du lært?

-       Eg har lært at det skjer mykje meir i kulissane enn TV-sjåarane får med seg. Til dømes så skal mattene utøvarane står på når dei skyt berast ut og inn kvar dag, og under trening og innskyting skal ein setje fram våpenstativ. Eg har også lært kor viktig World Cup er for byen Östersund, og at arrangementet er ei veldig viktig inntektskjelde for idrettslaga i og rundt byen. Elles så set eg stor pris på at Vestborg tilbyr dette undervisningsopplegget. Her var det «learning by doing».

Marcus summerer opp dagane på dette viset:

-       Det var veldig kjekt å få oppleve å vere ein del av eit så stort arrangement – og oppleve frå innsida korleis det går føre seg.



 

 

Johanne Hovden frå Ørsta:

Johanne var for det meste protokollførar. Det vil seie at ho jobba på standplass, der ho førte manuelt inn i skjema kor mange bom skiskyttarane på hennar baner fekk. Dette var som ein back-up om noko skulle gå galt med det digitale. I tillegg var ho med og skifta tavler når det var trening og innskyting.

-       Eg har hatt det veldig kjekt! Det var ei heilt ny oppleving, for eg har aldri vore med på noko liknande før. Det heile gjekk føre seg på perfekt vis. Svenskane har gode rutinar på korleis dei skal arrangere World Cup i skiskyting.

-       Kva har du lært desse dagane?

-       I tillegg til oppgåvene mine, så har eg lært korleis skiskyting fungerer. Vi ser ikkje alt på TV, men det er utruleg mange oppgåver som må gjerast. Dessutan har eg opplevd at dei svenske med-funksjonærane var veldig gode på å vere imøtekomande. Dei var flinke og tolsame med å lære oss opp. Det var også kjekt å sjå kor viktig arrangementet var sosialt. Det var mange pensjonistar som jobba, og dei hadde heilt tydeleg glede av å ta i eit tak saman med andre. Elles er det veldig flott at Vestborg har eit sånt tilbod. Her var det «learning by doing», og eg trur det vert lærerikt når Vestborg-elevane neste vinter skal vere med å arrangere VM på ski i Trondheim.

 

 


William Fredrik Seljeflot fra Kristiansund:

William var for protokollfører. Det vil si at han jobba på standplass, og der han førte manuelt inn i skjema kor mange bom skiskytterne på hans baner fikk. Dette var som en back-up om noe skulle gå galt med det digitale. I tillegg hadde han også oppgava med å flytte utøverne sin bagasje fra start- til målområdet.

Til sammen var det rundt 1000 funksjonærer som var i sving under World Cup-arrangementet.


På spørsmål om korleis han har hatt det, svarer William «jättebra!»

-       Det var veldig kjekt å få være med å flytte bagasjen, men enda kjekkere var det å få kontakt med skiskytterne. Den siste dagen kom både Ingrid Landmark Tandrevold og Karoline Knotten bort til oss. Knotten ga oss startnummer som hun hadde brukt tidligere i Östersund. Det var også stas å få startnummeret til Tamara Steiner fra Østerrike.

-       Hva har du lært disse dagene?

-       Jeg har lært hvor mye som skal til for å få et så stort arrangement til å fungere. Et eksempel er at noen må sørge for at mattene utøverne står på når de skyter, de må skrues ned i et bord som ligger under snøen.
 

Rebekka Nybø frå Sjøholt:

Rebekka har hatt nokre lærerike dagar saman med 1000 andre frivillige funksjonærar.

-       Eg har fått mykje betre innsikt i korleis skiskyting fungerer. No har eg sett oppgåvene som skiskyttarane gjennomfører, og eg har fått innsikt i kor mykje arbeid det ligg bak å arrangere World Cup. No vil det bli mykje kjekkare å sjå skiskyting på TV.

-       Kva for oppgåver har du hatt?

-       Eg har skifta skytetavle i samband med trening og innskyting, eg har rydda mattene på plass som utøvarane står og ligg på når dei skyt, eg har kosta mattene for snø, og eg har bore bagasjen til utøvarane frå start- til målområdet.

-       Korleis har det vore?

-       Eg har fått eit meir heilskapleg inntrykk av korleis det er å arrangere ein sånn type konkurranse. Elles har det vore veldig kjekt å vere funksjonær saman med svenskane. Dei jobbar der som friviljuge, og det merkast. Eg opplevde smil over alt, og alle snakka med alle. Dessutan var det ein veldig kjekk gjeng eg reiste saman med frå Vestborg. Vi treivst veldig godt i lag.

-       Har du opplevd nokre høgdepunkt?

-       Det var veldig kjekt å snakke med Ingrid Landmark Tandrevold og brørne Johannes Thingnes og Tarjei Bø, men også Tamara Steiner frå Austerrike var veldig koseleg, seier Rebekka.

 

 

 

Peter Eide frå Eidsdal:

Peter var ein av dei som jobba dugnad under tevlinga i Sverige sin vinterhovudstad. Hovudoppgåva hans var å vere «knapptryckar» på standplass. Det vil seie han hadde ansvaret for å registrere digitalt kva for bane skiskyttarane var på når dei skulle skyte. Det gjorde at TV-sjåarane kunne sjå i høgre biletkant kva for utøvar som var inne til skyting, og kor mange treff og bom vedkomande hadde.

-       Korleis opplevde du denne oppgåva?

-       Det var veldig kjekt. I byrjinga var eg litt nervøs, men eg fekk veldig god oppfølging frå dei svenske friviljuge. Elles hadde eg ei veldig spennande jobb-plassering. Eg sat mellom skiskyttarane og trenarane deira, så på trening og på innskyting kom eg veldig tett på dei. Det artigaste var då Vebjørn Sørum, som tok si fyrste pallplassering verdscupen i Östersund, skjøna at vi var norske. Han byrja å snakke med oss. Det var veldig kjekt.

-       Kva lærte du desse dagane?

-       Eg lærte kor jordnære skiskyttarutøvarane var, og at Sverige er eit fint land. Vi hadde også eit møte med Martin Ohlsson, leiaren for heile verdscup-arrangementet. Han understreka kor arrangementet skapar band og fellesskap mellom innbyggjarane i distriktet. Denne fellesskapen fekk vi også ta del i, for vi vart teken veldig godt i mot av svenskane.

-       Korleis har du hatt det?

-       Eg har hatt det svært bra, og eg vil gjerne reise tilbake til Östersund for å jobbe dugnad. Difor gler eg meg over at Vestborg har dette tilbodet til idrettselevane sine. Neste vinter skal Vestborg-elevar vere med å arrangere VM på ski i Trondheim, medan året etter vert det tur til Östersund igjen.