Russen med godleik i praksis

November 17, 2023

Nokre eldsjeler i kristenrussen på Vestborg gjennomførte godleik i praksis.


Dei hadde laga godleik-posar til kvar av elevane på skulen, som elevane fekk gratis. I posen var det ei personleg helsing til den enkelte elev.

I tillegg spanderte dei kake på alle i lunsjen.


Men ikkje nok med det, dei tok også med seg godleik-posar og kake opp på Stranda vgs og delte ut til Stranda-elevane!


For å skrive om litt av teksten til songen «Mot i brystet»: «Slike elever, det vil gamle Norge ha!»

Godleiks-stuntet vart gjort i samarbeid med gjengen i Laget.

New Paragraph