Skule på hjul

LaJS • May 6, 2022

VG1-elevane var måndag og tysdag på skuletur med ulikt fagleg innhald

Måndagen var via til Runde. Fyrst var vi på Runde miljøsenter og fekk lære meir om fuglane som held til i og i nærleiken av fuglefjellet på Runde. Vi fekk også sjå ein særs informativ film om kor viktig økobalanse var for lundefuglen med tanke på mat til den eine ungen dei fekk i kvart kull. 

Elevane hadde også førebudd seg og presenterte ulike fuglar som dei hadde fått i oppgåve å fordjupe seg meir i. 

Vel oppe på ved sjølve Noregs sørlegaste fuglefjell, fekk den spreke gjengen sett lundefuglar – sjølv om dei fleste lundefuglane på det tidspunktet var i havet og sanka mat. 


I 16-tida kom vi fram til NMS sin flotte leirstad på Kjeldsund, der styrar Trygve Danbolt Øygard og teamet hans la ting til rette på beste måte under opphaldet. 

Trygve og co diska opp med taco til middag og seinare på kvelden fekk vi kveldsmat. Elevane nytta fritida si til blant anna å bade, før ein i kveldinga hadde ein hugnadsam underhaldningskveld som var godt førebudd av ungdomsarbeidaren vår, Simon Morris. 


Tysdagen var vi guida rundt på Herøy gard/Herøy kystmuseum – med historikk heilt attende til Olav den heilage. Deretter vart vi betre kjend med Ivar Aasen på Ivar Aasen-tunet. 

Avslutningsvis er det fint å få nemne at dei i personalet som var med på turen var veldig, veldig godt nøgde med elevane og kor positive dei var. Det lovar godt for turen gjengen skal ha til Roma neste år!