70 års jubilant!
I dag har vi heisa flagget på Vestborg. Vi har ein kollega som blir 70 år!
Svein Lars Ringstad starta å jobbe på Vestborg i november 1999. På kontorstolen sin i resepsjonen trivst han godt. Før han starta å jobbe på Vestborg jobba han i 27 år i kommuna med rekneskap.
- Eg trivst godt med tal, og eg likar rekning mykje betre enn skriving, seier han.
Kva set du mest pris på ved jobben din på Vestborg?
- Eg er takknemleg for å ha mange trivelige kollega. Her er også mykje kjekk ungdom. Av og til stikk det ein elev innom for ein prat og det har eg sett veldig pris på. Og somme tider treff eg dei att seinare og det er alltid kjekt. Eg er ganske god på ansikt, men ikkje så god på å hugse alle namna.
Utover å jobbe ein dag i veka her på Vestborg så er du pensjonist. Kva fyller du dagane med?
- Eg er veldig glad i å gå på ski, halde på med ved, fotografere, hjelpe folk og engasjere meg på bedehuset her på Stranda. Eg kjedar meg ikkje.
I forhold til jobben så tek eg eit år av gangen. Dersom Vestborg vil ha meg, så blir eg vel her.
På morgonsamlinga fekk jubilanten bursdagssong frå heile skulen. Kjøkkensjef Dana diska opp med kake i lunsjen og rektor Geir Magne overleverte både helsing og gåve til bursdagsbarnet.
Gratulerer så mykje med den store dagen din, Svein Lars!
Frå alle oss på Vestborg.