ROMATUR

Åshild Stenberg • May 11, 2022

Det var ein stor gjeng som reiste til Roma i år!

På grunn av pandemien så vart den årlige Romaturen for vg2 utsett i fjor. Derfor var det kjekt å endeleg få planlegge og gjennomføre turen i år. Natt til 28.mai reiste både vg2 og vg3 klassa på Vestborg til Roma. Dette er i hovudsak ein skuletur som har fokus på kristendoms- og historiefaget, og kva by er då ikkje betre å vere i enn "den evige stad", hovudstaden i det gamle Romarriket? Her er mykje historie! Nedanfor kan du sjå fleire bileter av både elevar og stadar dei besøkte.


Vg2-elev Hedda Hugvik har skrive eit lite referat frå turen:


"Forrige veke reiste vi i VG2 og VG3 på studietur til Roma! I forbindelse med kristendoms- og historiefaget fekk vi oppleve nokre av plassane og høyre meir om historiske personar, som vi har lært om i løpet av året. Dette vart ein lærerik og minneverdig tur.  

Vi fekk blant anna besøke Paulus- og Peterskyrkja, Colosseum, Katakombene og andre attraksjonar i byen. På Petersplassen fekk vi som ville moglegheit å gå opp i kuppelen på Peterskyrkja, her var det utsikt over heile Roma! Sjølv om dette var ein studietur, fekk vi også mykje fritid. Det gjekk til å utforske byen, ete god mat, slappe av og nyte finværet. Fellesskapet og samhaldet mellom klassene vert enda meir styrka på slike klasseturar, noko som gjer det enda kjekkare.  

“Innhaldsrikt, fin kunst, interessante plasser, samhald, sosialt og opplevelsesrikt” er nokre ord elevane beskriver turen med. Det var kjekt å endeleg kunne reise litt utanlands igjen, til ein annan by og oppleve ein annan kultur. Varmen gjorde også at vi fekk kjenne litt på sommaren. “Vi vil tilbake!”


Her er nokre bileter som elevane har tatt på turen:

Her er bileter av nokre av attraksjonane:

Petersplassen, Peterskyrkja og Pauluskyrkja