Møre Ålesund på Vestborg-besøk

November 2, 2023

I løpet av skuleturen var elevane var på bedriftsbesøk på pizzafabrikken på Stranda og gjekk tur opp Ljøbrekka ved Hellesylt. Overnattinga føregjekk på klasserom på Vestborg. Difor vart det arrangert volleyballturnering med miksa lag av Møre- og Vestborg-elevar på ettermiddagen. Om kvelden var det mingling og spel i russekiosken.


vestborg.no fekk ein kjapp prat med Møre-lærar Gry Sæther ved kaffimaskina under kveldsmaten.


-       Her er god stemning og høg trivsel. Eg ser god sosial interaksjon både under volleyball-kampane og her under kveldsmaten, seier ein nøgd lærar.



Møre-elev Emma Drønnesund skyt inn:


- Det er gøy å vere her saman men nye folk, seier ho.