Nok ein flott haustfest på Vestbog
Laurdag 5.nov var tunet på Vestborg fylt med foreldre, besteforeldre og søsken- det var klart for endå ein haustfest!
Haustfestdagen er ein innhaldsrik og kjekk dag for både elevar, foreldre og personalet på Vestborg. Elevsamtalar, servering av fleximiddag og klassesamlingar står på programmet på formiddagen.
Kl 17.00 starta festprogrammet i gymsalen. Her var det mange i sving!
Kvelden starta med ein bildekavalkade frå skuleåret, før vg3-elevane Emilie G. Henriksen og Heaven Doorenspleet leia oss godt igjennom heile kvelden. Dei fleste elevane på skulen starta kvelden med ein felles dans bakerst i salen og med det var ein svært underhaldane festkveld i gong
Rektor, Jon Ove Holen, hadde ein flott tale, fulgt opp av ei veldig god og viktig andakt av Pernille Fiskerstrand.
Lovsangsteamet med fullt band, som består av elevar, leia dei frammøtte i lovsang av høg kvalitet, og skapa skikkelig festivalstemning.
Russepresident Samuel Fiskerstrand presenterte årets misjonsprosjekt i Austlege Afrika på vegne av misjonsleiarane som for tida besøker prosjektet deira. Både russen og Vestborg generelt vil oppfordre til givervilje for dette prosjektet.
Så var det tid for underhaldning. Først skulle ein elev konkurrere med ein lærar i ein quiz. Det førte til at lærar Roar Holte måtte ofre håret etter tap i quizen som må seiast å vere noko partisk i elevens favør.
Etterpå hadde elevar frå vg2 lage ein morosam sketsj som kvardagen til nokre elevar på skulen.
Lærar Geir M. Landa var kongen i Vestborgs eigen versjon av "Kongen befaler", og her gjekk elevane igjen av med sigaren.
Til slutt framførte vg3-elevane Rebekka Nybø og Peter Starheimseter ein Flott duett med songen "Anything you can do"
I tradisjon tru ble kvelden avslutta med kveldsmat, og kjøkkenpersonalet hadde som vanleg gjort ein kjempejobb med både mat og kaker.