Utdanningsdag ved Høgskulen i Volda

Der vart dei kjende med dei ulike tilboda som høgskulen gir til studentane sine. Etter fellesinformasjonen fekk elevane gå på sjølvvalde informasjonsseminar etter deira interesser.
vestborg.no fekk ein prat med nokre av elevane i matpausen.
- Dette var informativt og bra. Informasjonen vi har fått har gjort det aktuelt å få vite meir om tilboda til høgskulen. Det å arrangere ein sånn utdanningsdag er eit flott tiltak, seier Hannah Kvalsund.
Johanna Hovden, Solveig Bakke og Emilie Løvold var også nøgde.
- Vi har blitt godt tekne vare på her på Berte Kanutte-huset, og «viben» her er inkluderande. Studentane og lærarane verka som dei hadde eigarskap til det dei sa om skulen og studentmiljøet, og lærarane verka veldig engasjerte i oppgåva med å få studentane her til å lukkast, seier dei.

Johanne Hovden, Hanna Kvalsund, Solveig Bakke og Emilie Løvold et lunsj i kantina på Berte Kanutte-huset.
