Julemesse på Vestborg 19.nov

Åshild Stenberg • November 11, 2022

Laurdag 19.november er det duka for endå ei julemesse i gymsalen på Vestborg. Her blir det noko for ein kvar smak med blant anna loddal, kakesal, rømmegraut, tombola, bingo, sal av julekaker og andre gåveartiklar.

Program for dagen


Kl. 10.30: Messa opnar

Kl. 11.30: Samling for heile familien – kulturskulen deltek

Kl. 13.00: Sal av rømmegraut m/spekemat (slutt kl. 14.30)

Kl. 14.30: Sangmøte med Rune Sæther og Ole Audun Os.

                Allsang.

Kl. 16.00: Avslutningsmøte – hovudtrekning

                 Andakt av Ole Audun Os

                 Sang av Lovsangsgruppa fra Sykkylven

 

Vi tilbyr for sal:

Smurte lefser – kransekaker – småkaker – flatbrød

gjærbakst – gåveartiklar - handarbeid


ÅRESAL – KAFETERIA – TOMBOLA


Vi har betalingsterminal





Varmt velkomen!