NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Det er ikkje lett å få oversikt over kor mange dei faktisk er, så eg må telle to gonger. 15 smilande og samtidig konsentrerte dugnadsheltar står på kvar sine oppgåvepostar på kjøkkenet, og alle jobbar med det same mål for auga: å lage omlag 50 kransekaker til julemessa laurdag 19.november.
Bjørg Sve står på og legger kransekakene i boksar etter dei er ferdig steikt og nedkjølt. På mandag skal dei ha ei økt til der dei pyntar alle kransekakene.
Eg spør ho kva som er det kjekkaste med å halde på med dette. Svaret kjem raskt: "Julemessedagen. Sjølve festdagen! Vi står på heile året for å lage alt klart til julemessa, så det er klart at det kjekt når vi endeleg er i mål med alt som skal gjerast og vi kan invitere inn til julemesse". Men vi har det kjekt heile året også, presiserer ho. Ho og mange av dei andre på kjøkkenet er med i ei forening som kallar seg for "Vestborg-foreninga". Dei har samling kvar tredje veke igjennom heile året forutan på sommaren.
Denne gjengen har eit stort hjerte for Vestborg, og derfor legg dei ned utallige timar med dugnad for å lage til ei slik stor messe til inntekt for skulen.
Dei har alle èin ting dei vil seie: Velkommen til julemesse i gymsalen på Vestborg laurdag 19.november- det blir ein festdag!
Her er programmet for dagen:
Kl. 10.30: Messa opnar
Kl. 11.30: Samling for heile familien – kulturskulen deltek
Kl. 13.00: Sal av rømmegraut m/spekemat (slutt kl. 14.30)
Kl. 14.30: Sangmøte med Rune Sæther og Ole Audun Os.
Allsang.
Kl. 16.00: Avslutningsmøte – hovudtrekning
Andakt av Ole Audun Os
Sang av Lovsangsgruppa fra Sykkylven
Vi tilbyr for sal:
Smurte lefser – kransekaker – småkaker – flatbrød
gjærbakst – gåveartiklar - handarbeid