Endå ein flott haustfest på Vestborg!
Laurdag 5.nov var tunet på Vestborg fylt med foreldre, besteforeldre og søsken- det var klart for endå ein haustfest!
Haustfestdagen er ein hektisk og kjekk dag for både elevar, foreldre og personalet på Vestborg. Elevsamtalar, servering av fleximiddag og klassesamlingar står på programmet på formiddagen.
Kl 17.00 starta festprogrammet i gymsalen. Her var det mange i sving!
Vg3-elevane Helene Johansen og Christiane Pedersen leia oss godt igjennom heile kvelden. Vg3-elev Sandra Bedringås framførte eit nydeleg pianostykke som fekk salen til å bryte ut i full applaus etterpå.
Rektor, Jon Ove Holen, hadde ein flott tale der han løfta fram kor stolte vi skal vere av å gå på ein friskule der elevane blir trygge på seg sjølve og på andre.
Lovsangsteamet, som består av elevar, leia dei frammøtte i lovsang. Per Tveten, som har hatt møteveke på skulen, delte eit flott andaktsord til ettertanke. Lærar Geir organiserte ein quizkamp mellom elevgrupper frå Nordfjord, Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Ein underhaldande quiz som enda med seier til Nordmørselevane.
Russen fortalte om årets misjonsprosjekt der dei skal samle inn pengar til ulike prosjekt i Indonesia. Andreas Muren og Kristina Håvik, som er i Indonesia no, sendte ei videohelsing med oppdatering på kva dei har sett og opplevd den siste veka.
Kveldens festprogram vart avslutta med ein flott video laga av nokre elevar. Og sist, men ikkje minst, hadde kjøkkenpersonalet ordna til eit stort koldtbord med festmat for både søte og salte ganer.