NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Laurdag 23.november vart årets julemesse arrangert på Vestborg. Mange fann fram til gymsalen på Vestborg trass det voldsomme snøkavet på formiddagen. Dagen var fylt med mykje kjekt innhald. Kor Nøye, Vestborgelevar, Awana og Allsongkoret gav salen mykje fin song. Gjennom dagen var det åresal, bingo, tombola, sal av handarbeid, julebakst og mykje meir rundt om i gymsalen.
Det var heller ingen grunn til å gå svoltne gjennom dagen, for kafèen bugna av kaker, påsmurte rundstykker, vårrullar og anna godt. Det var også sal av rømmegraut midt på dagen.
Vestborg-foreninga, som arrangerer den årlege julemessa, var godt fornøgde etter dagen og takkar for alle som møtte opp og gjorde dagen til ein festdag.
Årets resultat vart på om lag 170 000kr på sjølve messedagen. Det som er kome inn i forkant og i etterkant er ikkje medrekna.