NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Tradisjon tru arrangerte miljøteamet juleverkstad kvelden før 1.desember. Då laga elevane julepynt og pynta matsalen og Slogen. Når november bikka over til desember var det juletregang og lystenning utanfor Slogen. Søndag morgon var det nok ein tradisjonell happening: Elevane vart vekt kl 07 og mange stod opp for å få med seg julefilm og julekos i russekiosken.
På Vestborg har miljøteamet laga adventskalender til elevane. På slutten av kvar morgonsamling blir dagens luke opna og der kan det dukke opp mykje forskjellig. Det kan til dømes vere eit bibelvers eller ein liten sjokoladebit til alle elevane før dei går ut døra til neste time, eller gløgg servert av kjøkkenet.
Vidare utover i desember skal det både vere pepperkakehuskonkurranse, julefest for elevar og personale og juleturnering før vi alle tek ein lang og god juleferie.