MENY

Spennande innsamlingsaksjon for VM-Vestborg

November 22, 2024

Styret til Vestborg har sagt seg viljuge til å garantere for utgifter når elevane og dei tilsette skal til VM, men for å unngå å belaste skulen sitt budsjett, så har dei ulike klassane blitt utfordra til å leike «Større og betre». Målet er å samle inn kroner 100 000,-.


På haustfesten 2.11. fekk dei tillitsvalde i kvar klasse ein kulepenn. Den skulle dei bytte mot noko større og betre. Leiken går ut på at for kvar gjenstand som ein får bytta til seg, så spør ein nokon om dei vil bytte denne gjenstanden – sånn at den som spør får noko større og betre enn den gjenstanden som blir bytta inn.


Denne leiken skal ein halde på med til og med laurdag 30.11. Målet er då å selje dei gjenstandane kvar klasse har samla inn, og på den måten få inn kroner 100 000,-.
 
Onsdag den 20.11. gjorde vi opp status på kor langt dei ulike klassane hadde kome.
Det viste seg at det framleis var eit stykke opp til målet, men verdiane på varene låg på ikring kr 13 000 – noko som ikkje er verst med tanke på utgangspunktet: Sju kulepennar.
 
Du som er Vestborg-ven: Har du høve til å vere med oss å leike? 😊
Kan du tenke deg å bytte noko du eig sånn at me kjem oss til VM utan å belaste ordinært budsjett?
Send gjerne ein mail til lstokken(alfakrøll)vestborg.no
 
Døme på det elevane hadde fått bytta til seg onsdag 20.11:
Nye bildekk
Lanullva bukse
Ski
Dameveske
Turkniv
Kunst
Bok
Ladar

Share by: