Besøk frå Washington DC
I dag fekk elevane eit besøk utanom det vanlige

Konserndirektør, Chase Weir, i solcelle-konsernet Distributed Sun i Washington DC, kom innom Vestborg i dag. Konsernet har blant anna kledd Bloomberg Center i New York med solcellepanel. Chase hadde eit kort seminar der han snakka om verdien av clean energy og om kompleksiteten av å måtte gjere noko med klimaet raskt, men samtidig at tiltaka må vere berekraftige over tid.
Elevane var engasjerte og stilte spørsmål på slutten av seminaret.