Seminar om skjermbruk

Åshild Stenberg • October 6, 2022

Felles seminar om skjermbruk for heile skulen

Onsdag 5.okt var det satt av to skuletimar til eit seminar om skjermbruk. Ungdomsarbeidar, Simon Morris, hadde laga eit spennande opplegg for elevane. Her kjem eit lite referat frå seminaret.


Den første timen vart brukt utan skjerm. Simon hadde utfordra nokre elevar og lærarar til å dele noko med resten. Nokon viste fram hobbyar som myntsamlinga si, sjongleringstrening og rubiks kube. Andre spelte piano, sang og delte si personlige historie. Hensikta var å få elevane til å fokusere ein time på noko ekte som skjedde der og då. Hjerna vår blir altfor ofte stimulert av mykje skjerm og filter, så det var kanskje godt for mange å få ein pause.     

Teknologi er bra, teknologi kan hjelpe oss med utrulig mykje! Men vi må vere merksame på at media gir oss mange bodskapar samtidig. Vi må tenke når vi scrollar på instagram eller youtube, vere bevisst på kva bodskap som blir kasta mot oss. Ikkje alt er like godt for oss.


"Har du kontroll over teknologien, eller har teknologien kontroll over deg?" Eit viktig spørsmål som Simon fekk elevane til å reflektere over.

På samme måte som røyking, gambling, forelskelse og trening kan gi oss dopamin, så kan også sosiale media gjere det samme. Vi kan bli avhengige. Facebook, instagram og andre sosiale media er ikkje farlige i seg sjølv, men ubalansen kan vere farlig for oss.