Aksjonsveka mot rus- Leo Ajkic på besøk
I dag fekk vi storfint besøk på Vestborg!
Stranda kommune hadde i forbindelse med aksjonsveka mot rus fått Leo Ajkic til å komme til Stranda for å snakke om temaet. Både Vestborg og Stranda vgs var samla i gymsalen på Vestborg for å høyre på.
Leo fortalte personleg om oppveksten sin i Bosnia og korleis krig og generalisering gjorde at han kjente på aggresjon mot andre folkegrupper. Sjølv er han halvt kroat, men likevel kjente han på eit hat mot dei.
Vidare fortalte han om korleis det var å komme til Norge. Han kjente på utanforskap, frykt for narkomane og generalisering av flyktningar.
Rus er ein snarveg for ting vi kan oppnå på eiga hand, fortel Leo.
Det kan vere lett å bli frista til å ruse seg for å få meir energi, bli meir frimodig på fest og å tørre å seie sine meiningar. Men det er ein farleg snarveg å ta for å oppleve desse tinga.
Hjernen er i konstant utvikling i ungdomsåra og den må ikkje belønnast med rus! Dop startar ofte med alkohol fordi alkoholen svekker dømmekrafta.
Leo ga uttrykk for at han har trua på at ungdom i dag kan ta gode og fornuftige val. Til dømes er det svært få ungdom som synes det er "kult" å røyke i dag, fordi dei veit konsekvensane av røyking. Han håpar at dette også kan bli tendensen når det kjem til andre rusmidler- at dei velger andre alternativ.
Leo peika på kor viktig det er med alternative miljø og aktivitetar for ungdom slik at dei ikkje tyr til rus når det dei eigentleg treng er ein plass å høyre til. Hip hop miljøet, grafitti/gatekunst og basketball vart redninga for Leo då han kom til Norge.
Alle vil berre vere seg sjølv, vere innafor. Alle ønsker å bli akseptert som den dei er. Klarar vi å jobbe mot utanforskap og spre kjærleik og eit smil til dei vi møter så kan vi utrette mykje, seier Leo avslutningsvis.
Fleire av elevane prata med Leo i etterkant av seminaret. Nokre gutar utfordra han også på ei lita runde med basketball før han måtte gå.